Myrmann
Hopp til navigering
Hopp til søk
Myrmann var nemninga på ein mann som kjøpte seg eit stykke jord for å få stemmerett etter Grunnlova. Grunnlova frå 1814 gav stemmerett til alle som åtte matrikulert jord, utan omsyn til storleiken på jordeigedomen. Da den politiske kampen vart hardare på 1860- og 1870-talet, begynte gjerne politisk aktive folk som ikkje kom inn under stemmerettsreglane frå 1814 å kjøpe opp små jordstykke for å få stemmerett. Dette var eigentleg i strid med intensjonane i Grunnlova.
Kjelde
- Hagemann, Gro 1997: Det moderne gjennombrudd. 1870-1905 Aschehougs norgeshistorie s. 191.
- Myrmenn på Store norske leksikon