Voss sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. nov. 2021 kl. 13:07 av Kallrustad (samtale | bidrag) (grovsortering)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Voss sogelag i Voss herad vart skipa i 1908. Laget gjev ut årboka Gamalt frå Voss. Samla inn og verna om skrifter m.m. frå farne tider. Gje ut skrifter og vekkja hug for Vossabygdene si soge.

Vera medutgjevar av årbok med lokalhistorisk stoff. Møte, m.a. årsmøte, med lokalhistoriske føredrag. Studieturar/omvisingar med lokalhistoriske emne. Utnemna styremedlemer til lokale interesseorganisasjonar med historske tilsnitt. Samarbeida med Hordaland sogelag og Landslaget for Lokalhistorie.

Medlemstal: 99 Ein auke kvart år. Liten aktivitet i 1980-åra og byrjinga av 1990-åra.

Leiarar

Arnfinn Finne 1908 - 1916 Ludv. Bru 1916 - 1921 Olaf Olsen 1921 - 1922 Lars Kindem 1922 - 1934 PASS Nils Grønlien 1934 - 1940 Andreas Leiro 1940 - 1949 Sigurd Eskeland 1949 - 1972 Lars Nesheim Hovda 1972 - 1980-åra Reidar Ringheim 1996 - 2004 Guro Dagestad 2004 - 2008 Knut Farestveit 2008

Andre sentrale personar

Arnfinn Finne samla mykje tradisjonsstoff og skreiv mange lokalhistoriske artiklar. Olaf Olsen skreiv bygdebøker og mange lokalhistoriske artiklar. Ludv. Bru skreiv skulesoge for Voss. Lars Kindem skreiv gards- og ættesoge for Voss, og stod i brodden for å skipa Voss folkemuseum. Aslak T. Helleve har skrive ein viktig artikkel om soga til Voss sogelag. Eirik Helleve er redaktør for årboka "Gamalt frå Voss" og for "Vossabygdene" som er innbundne bøker av Voss sogelag sine årshefte frå 1910 til 1955.

Hovudaktivitetar/publikasjonar

Arbeid med årboka "Gamalt frå Voss" og utgjeving av dei lokalhistoriske årshefta "Vossabygdene" som innbundne bøker. Lokalhistoriseke vandringar og studieturar med omvisar. Representasjon i styra i lokalhistoriske særlag. Fast omvising i krigsmuseet på Klyve på Voss kvar haust.

Publikasjonar

Hefta "Vossabygdene" frå 1910 til 1955, no som innbundne bøker i fem band. Årboka "Gamalt frå Voss" saman med Voss bygdeboknemnd og Voss folkemuseum. Det vert arbeid med å byggja opp biletsamlingar på nett.

Arrangement

1991: Tilskiping av Det vestlandske historikarmøtet. 2008: Voss sogelag sitt 100-årsjubileum. 2011: Medtilskiping av Hordaland sogelag sitt 25 årsjubileum. 2018: Voss sogelag sitt 110-årsjubileum.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).


Eksterne lenkjer