Samar på Innstranda i Bodø
Første gongen vi hører om samar på Innstranda i Bodø i offentlege kjelder er i 1722, da Åmund Sjurson blir skattlagt som husmann på Skarmoen i Soløymarka ved Innstranda. Vi veit ikkje akkurat kva tid Åmund kom dit, men ettersom borna var vaksne i 1722, blir det gjetta[1] at han og kona, Siri Jakobsdt., kan ha komme dit som nybrottsfolk så tidleg som i 1690-åra.
Under grenseeksaminasjonane i Salten i 1743 rapporterte major Peter Schnittler:[2]
De bøydelapper i Bodøe hovedsogn entremeleres med bønderne og bruge både gårder og fiskerie i havet, ligesom andre bønder. Endeel af dem bliver og gift med bønderfolk, hvilket andenstedz her sønden for ei brugeligt er. | ||
Skarmoen
Grønnåsen
Grønnåsen under Jensvoll ligg eigentleg til Kirkegrenda, men er teke med her som tilgrensande område.
Morten Mortensson med familien sin budde her i alle fall frå kring 1700, kanskje ei stund før. Nybrottsbruket blei truleg nedlagt etter at Morten døydde i 1752.[3]
Fotnotar
- ↑ Gudbrandson, Terje: Bodin bygdebok II:4 : Gårds- og slektshistorie for Innstranda. Bodø : Bodø kommune, bygdebokkomitéen, 1992.
- ↑ Dokumenter angaaende flytlapperne m.m. samlede af J. Qvigstad og K.B. Wiklund. Kristiania, 1909. Dokument I, s. 135 — sitert frå Qvigstad 1929.
- ↑ Mal:Bodin II, 3, s. 770