Gravhaugar og gravrøyser i Fyresdal
Gravhaugar som del av Moland kulturminneløype:
1. Gravhaugane i Øyskogen: Det er 20 gravhaugar i Øyskogen der Fyresdal Bygdemuseum har tunet sitt, og dei utgjer eit av dei største gravfelta frå jernalderen i Telemark. Gravfeltet er i dag delt i to av ein veg. Innafor steingjerdet ligg 14 gravhaugar av varierande storleik. På den andre sida av vegen ligg det seks gravhaugar, ein delvis øydelagd.
2. Gravhaugen ved Moland kyrkjebakke:
Ved inngangen til Moland kyrkje ligg ein gravhaug. Dette er ein rundhaug med diameter på 8 m som er noko skada i samband med utgraving av parkeringsplassen.
På dette biletet ser vi dei fire neste gravhaugane ved vannkanten til høgre. I bakgrunnen er Munkhola.
3. Gravhaugane ved Juni kafe:
Her ligg eit gravfelt med fire gravhaugar frå jernalderen. Alle er rundhaugar. Diameteren på haugane er frå 7 til 13 meter, og dei har ei høgd på opp mot 0,7 meter. Alle haugane er skada av ulike årsakar; masseuttak og anlegging av parkeringsplass mellom anna.
Eksterne lenker
Øyskogen i Kulturminnsøk Moland Kyrkjebakke i Kulturminnesøk 4 gravhaugar i Kulturminnesøk