Skifjord skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skifjord skule, på Bjørnestad i Skifjorden, vart opna i 1955. I 1965 vart Borsholm krins og Skifjord krins slegne saman, med skulestad Skifjorden. Dette skulehuset fungerte som skule fram til 1993. Frå skuleåret 1993/94 vart Skifjord krins slegen saman med Øen krins, og elevane vart flytta over til Øen skule.
Grunnen der skulen står, vart kjøpt allereie i 1947, men først i 1953 starta arbeidet med å bygge skulehuset.[1]
Andre bruksområde
I nokre år på 1990-talet dreiv Skifjord husmorlag privat barnehage i huset. Etter at Skifjord grendalag overtok huset, er det bygd eit tilbygg i aust, på 3,6m x 6,3m, som inneheld nytt kjøkken.[2]
Kjelder
- ↑ Heim og skule, Nr 1, April 1956
- ↑ Tidlegare Skifjord skule, Kulturminnesok.no