Tverrskotting
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein tverrskotting eller spegelbåt (Mal:Nyn.) / speilbåt (Mal:Bokm.) er ein open, klinkbygd båt på kring 12–16 fot med eit til to rorsrom og ein akterspegel som eignar seg til feste av påhengsmotor. Opphavet til tverrskottingen er dels den spissgatta færingen og dels giggen med sine damppressa ribber. Etter som påhengsmotorane vart større, har òg tverrskottingane vorte bygd med breiare akterspegel og meir utlagt akterskott — og slik nærma seg den nærskyldte båttypen plattgattar. Tverrskottingen er gjerne færing på storleik og har gjerne vorte bruka som denne — til fiske og småtransport så vel som som lystfarty.