Tore Skaug
Fødd 13.8.1939 i Stor-Elvdal. Har folkeskule, militærskule og bladfykskule. Militærnektar. Gjenstand for statleg, ulovleg overvaking, har «mappe». Redaktør i Vest-Telemark Blad 1973-93. Seinare frilansskribent og redaktør m.a. for Kvinten og Årbok for folkemusikk fram til 2006. Bur i Tveitgrend i Kviteseid kommune. Hobby: Litteratur og vedhogst.
Kilder
Bibliografi
- Å byggje eit bygdetun. Vest-Telemark museum - Kviteseid Bygdetun. Målsmia. Kviteseid, 2007
- Telemarkskyri. Målsmia. Kviteseid, 2006
- Glimt frå Vrådals idrettshistorie. Vrådal IL 1928-2003. Forballskulen i Vrådal 1984-2004. Målsmia. Kviteseid, 2004
- Frå krambu til Joker. Vrådal handelslag 1904-2004 Målsmia. Kviteseid, 2004
- Bankbok for Kviteseid. Med sparebanken gjennom 150 år.Målsmia. Kviteseid, 2000
- Den vesle Kviteseid-boka. Målsmia. Kviteseid, cop. 20001
- Heia Førsdal! Fyresdal-idretten gjennom 100 år.Målsmia. Kviteseid, 1998
- Vandfaldene ere bequemme. Skafså kraftverk 50 år.Målsmia. Kviteseid,1998
- Dei beste frå Vriompeisen. Vriompeisen (pseud. Tore Skaug), 1993
I tillegg har Tore Skaug skrive mange lokalhistoriske artiklar i aviser , tidsskrift og årbøker.