Hans Peter Schnitler Krag
Hans Peter Schnitler Krag (fødd 1794 i Meldal, død 1855 i Eidsvoll) var prest og skulemann. Foreldra var prest Peter Schnitler Krag og Dorothea fødd Schnitler. Gift 1820 med Hermana Rognebye (f. 1798, d. 1878).
Krag vart cand.theol. i 1819 og sokneprest i Grong to år etter, prost i Namdalen i 1828. I 1830 vart han sokneprest i Vågå, der han gjorde mykje for skule og opplysning. I 1835 skipa han ein høgare allmennskule. Mellom elevane hans var dei tre kjende Hougen-brørne (Engebret, Paul og Fredrik) og Paul Botten-Hansen.
Gav ut m.a. Sagn, samlede i Gudbrandsdalen om Slaget ved Kringen 26de August 1612.
Kjelder og litteratur
- Arvesen, O.: Vaagaa-presten. Kristiania 1916.
- Høverstad. Torstein: Artikkel i Norsk biografisk leksikon bind VII. Oslo 1936.
- Sundet, Olav: artikkel i Norsk allkunnebok band VII. Oslo 1957.