Solveig Hildur Ødegaard
Hopp til navigering
Hopp til søk
Solveig Hildur Ødegaard (fødd 17. oktober 1913) vart fødd på garden Dokken i Svenkerud, Nes kommune i Hallingdal. Foreldra var Kari Dokken og lærar og fotograf Lars K. Ødegaard (1877-1933). Etter middelskulen jobba ho på telegrafstasjonen i Nesbyen. Ei tid budde ho hos fotografen Arne E. Grøvo på Geilo, der ho gjekk i fotolære. Etter andre verdskrigen gjekk ho Treiders handelsskule og arbeidde deretter to år hjå Citroën i Oslo. Frå 1948 var ho styrar for Nes telegrafstasjon, fram til automatiseringa i 1978. Då ho var 89 år, flytta ho til hytta på Myking, der ho budde til ho var 97, med heimehjelp kvar fjortande dag. Ho var glad i å gå turar både sumar og vinter. Som ung deltok ho i skirenn, mellom anna i Oslo.
Kjelder
- Hallingdølen 17/10-2013
- Hol kommunes nettsider (om fotografane), besøkt 24/10-2013
På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene. Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten. |