Lånefjord krins
Lånefjord krins er ein skulekrins i tidligere Balestrand kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen ein del av Vik kommune.
Skulehus
Skulehuset i Lånefjord vart bygt i 1892. Huset stod ferdig i 1894 og liggjar på Bolstad som i dag er ein del av Høyanger kommune. Skulen vart nedlagt i 1970-åra og har sidan vore brukt som grendahus.
Skuledagen
I minneoppgåver for eldre, samla inn i 1981 fortel Olav Bolstad, født i 1906 fortel: "Då eg byrja skulegonga, var me 18 stykkei samla skule, frå 7-åringar opp til 15-åringar.(...) Me gjekk i skulen i to veker kvar daf. So var me fri i to veker medan det var skule på Nessane." og vidare om rekneundervisninga: "Eg kan soleis hugsa at læraren verka noko forkava i reknetimane. Han kom stundom i ein viss fart ned til oss 7-åringane, tok opp pengepungen og la enkle øre i rad og rekkje på pulten for å læra oss å telje saman og drage frå. Noko slikt som kuleråme fanst ikkje"
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Havro, Olav og Systad Gunnild (red.), 1986 Sogn og Fjordane i nær fortid, Det Norske Samlaget.
- Urtegaard, Gunnar, Bering, Bjørn og Kleppa, Hermund, 1989 Soga om grunnskolen 1739 - 1989, Balestrand kommune.