Hundromsfæring

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. nov. 2023 kl. 04:09 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:r» til «[[Kategori:R»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein hundromsfæring bygd i Rana.
Foto: Odd Arild Olsen (2005).

Ein hundromsfæring (bl.a. Helgeland og Namdalen) eller ein melfæring (Nordmøre), òg kalla bl.a. halvtredjerømming, 2½-romsbåt og 2½-romsfæring, er ein tradisjonell robåt med to fulle rorsrom og eit halvrom i midten. Slike båtar er tradisjonelle i alle fall frå Nordfjord og nordover, og frå og med Nordmøre og nordover er dette rekna som grunnstørrelsen blant tradisjonsbåtane. Medan dei mindre færingane utan hundrom/mele gjerne primært er robåtar, er hundromsfæringen like mykje seglbåt som robåt. Riggen varierer etter lokal skikk og utvikling — inkludert råsegl, lårsegl og gaffelrigg.

Hundrommet eller melå

Det ekstra halvrommet midtskips, som heiter ei me'lNordmøre og eit hundrom lengre nord, kan variere ein god del i størrelse — frå kring ein fot til tett oppunder eit heilrom.

Etymologi

Bruk

Bildegalleri