Bakeri i Eikefjord
Butikkar i Eikefjord, Kinn kommune
I 1938 starta Maren Svarthumle opp bakeri på Øyra i sentrum. Huset var det som mannen Henrik Svarthumle bygde. Han bygde først opp ein levegg langs elva så han slapp å sjå bort til naboen, L.Langedal som hadde slutta som butikkdreng hos han og starta eigen butikk.
Denne leveggen vart seinare utvida til eit hus, først hestestall, seinare bakeributikk og manufakturbutikk. Det var også ei tid utstillingslokale for Citroen bilar som Havn Auto selde.
Huset står ved sida av elva mellom vegen og bustadhuset til Hamn og er i 2022 rørleggarforetning.
I dei dagar var det konsesjon på bakeri og denne konsesjonen følgde bakeriet. Olaf Havn fekk dermed konsesjonen i 1939 då han kjøpte bakeriet.
Bakar Garshol frå Ålesund leigde lokala og hadde utsal der. Både bakar Garshol og kona fekk «tæring» og sjukdommen spreidde seg fort i Eikefjord. Mange familiar vart hard råka. Gardshol dreiv bakeriet fram til 1941.
Bakar Reiakvam dreiv også ei stund i dette lokalet før han bygde nytt bakeri i eige hus.
Kilde:
Arve Havn
Fylkesarkivet.no - Skanna protokollar
nb.no - aviser