Lesund bedehus
Lesund bedehus, "Eben Eser" (hebraisk, tyder "Til no har Herren hjelpt oss"), er eit kristeleg forsamlingshus på Lesund i Aure kommune. Huset er bygd i tre, og vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar o.l.
Historikk
I 1933 gjorde årsmøtet i Lesund kristelege ungdomslag vedtak om at det skulle byggjast bedehus på Lesund. Tomt vart gjeve vederlagsfritt frå husfolket på Kiplesund-garden, Hans og Guri Kiplesund.
I september 1940 tok den tyske okkupasjonsmakta over huset. Dei heldt til i huset til mars 1945. Tyskarane betalte 50 kroner pr. månad i leige. Dei raserte mykje av inventaret i huset.
Om huset
I reglane for bedehuset frå 1937 les vi mellom anna: "I huset må det ikkje vera dans, kortspel og teaterframsyningar, heller ikkje må det njotas rusdrykk". Og i paragraf 3: "Ukjende forkynnarar som reiser "fritt" og ikkje hev vitnemål frå prestar (...), fær ikkje halda møte i huset".
Til å byrja med var huset utstyrt med benker til sitjeplassar. I 1969 vart det gjort innkjøp av 60 stolar til bruk i storsalen. Same året fekk bedehuset eit trøorgel i gåve frå Borghild Kiplesund Røvik, og det gamle orgelet frå 1948 vart då bytta ut.
Kjelder
- Protokoll for Lesund kristelege ungdomslag
- 1. Samuelsbok, kap. 7, v. 12