Bø Meieri (Bø i Telemark)
Bø Meieri vart stifta i 1895.[1] Meieriet låg i Bø i Telemark.
Hovudproduksjonen i Bø Meieri var mjølk og heilfeit gaudaost, men det vart også produsert smør, fløte og anna ost. Både bygningane og maskinenen i meieriet vart modernisert fleire gonger. I 1931 fekk m.a. meieriet større lager og eit moderne kjølerom.
I 1927 vart meieriet forandra til andelsselskap med gardbrukarane i Bø som andelseigarar. I 1946 hadde meieriet 338 andelseigarar som til saman utgjorde 118.639 kr i andelskapital.
Omsettinga i 1946 var på 700.000 kr. Mjølkerekorden vart satt i 1939 med heile 2,6 millionar kilo mjølk.
Utmerkelsar
I 1939 var Bø Meieri nr. 1 av alle landets meieri når det gjaldt heilfeit gaudaost.[2] Meieriet låg også på topp i landet kva gjaldt smørproduksjon.[3]
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.