Hardanger Gospel var ein årleg gospelfestival i Jondal i Hardanger. Festivalen sprang ut av Tensing-miljøet i Jondal, med koret Lovord som arrangør. Han vart skipa fyrste gongen i 1981, og vart i hvert fall arrangert til og med 1987. Hardanger Gospel omfatta konsertar, musikkverkstader, bibeltimar og gudstenester. I 1985 var det over 400 deltakarar.