Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2026-14
Hopp til navigering
Hopp til søk
Onarheim er ein kyrkjestad og tidlegare adeleg setegard på øya Tysnes i Tysnes kommune, Sunnhordland. I mellomalderen heldt St. Olavsgildet til her, i dag kjend som Onarheimsgildet. Garden er kjend sidan 1100-talet, då Erling Skakke heldt tingsamling på Onarheim. På 1200-talet budde hovdingen Sigurd her. Sigurd på Onarheim var ein av dei fremste mennene i kongeriket, som lagmann på Gulatinget og rådgjevar for den unge Håkon Håkonsson. Etterkomarane hans styrte den store garden godt, med alt som fanst av arbeid, bygningar, drenger og tausar. Det vart drive både med fiske og skogshogst.Les mer...