Giske sogelag

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Giske sogelag i Giske kommune vart skipa 29. september 1963. Laget gjev ut Årsskrift for Giske sogelag. Laget har til føremål å fremje interesse og kunnskap om lokalhistorie på øya Giske, og ein vil oppnå dette gjennom historieformidling samt vern av tradisjonar og kulturminne.

Flate Giske med snø.

Aktivitet

Det har vore mest vekst i 2010-åra. I svært mange år var det sporadiske årsmøte og lite aktivitet i laget. Frå 2012 har det vore årlege årsmøte. Frå 2015 har det vore historiske vandringar på øya. Hausten 2019 starta laget strikkekafé ein gong i månaden for å skaffe folk ein treffstad.

I 2018 overtok sogelaget den gamle skulen på Giske frå 1904. Der er det no (2019) storstilt rehabilitering/restaurering. Laget har fått ei løyving til restaureringsarbeidet frå Kulturminnefondet og Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei nærmaste åra vil rehabiliteringa av gamleskulen vere det viktigaste prosjektet til Giske sogelag.

Leiarar

  • 1963-1965: Elias H. Giske
  • 1965-1969: Ragnar A. Giske
  • 1969-1981: Elias H. Giske
  • 1981-1983: Ragnar A. Giske
  • 1983-1999: Knut Birger Giske
  • 1999-2006: Elias H. Giske
  • 2006-2008: Atle Bonsaksen
  • 2008-2013: Leif Urtegård
  • 2014-2015: Olav Giskegjerde
  • 2015-d.d : Turid Giskeødegård

Elias Giske har vore ein viktig person for sogelaget og har halde det levande i periodar med lite aktivitet. Giske har mellom anna skrive mange artiklar i årsskriftet, utarbeidd eit hefte om Giske kyrkje og vore primus motor for utarbeiding av Giskedrakta.

Publikasjonar

Årsskriftet har blitt gitt ut sporadisk gjennom åra, men sidan 2012/13 har det kome ut annakvart år.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer