Torleif Tandstad
Torleif Tandstad er ein kunstsamlar frå Sykkylven. Tandstad vart fødd i Sykkylven i 1936. Foreldra var Ola og Berta Midtbust Tandstad. Faren var heradsagronom i Sykkylven, men var også i ein bolk ordførar i kommunen. I tillegg var han diktar og lokalhistorikar.
I 1959, 23 år gammal reiste Torleif til USA for å studere. Denne reisa skulle vise seg å bli eit avgjerande vegskilje for han. Han kom seinare til å forbli i USA. Hun utdanna seg til flyingeniør og frå 1963 arbeidde han i ulike flydesignfirma i USA.