Viksdalen (Gaular)
Viksdalen er eit dalføre i den austlege delen av Gaular kommune. Det svarar til Vik sokn. Både dalen og kyrkjestaden har namn etter garden Vik. I dalen ligg Viksdalsvatnet, som er ein del av Gaularvassdraget.
På 1800-talet var Viksdalsmaling, ein av hovudstilane i rosemalinga, den viktigaste næringsvegen i dalføret.