«Kortbordet» i Lisser
«Kortbordet» i Lisser er ein liten møtestad i vestenden av museumsområdet, der den gamle vegen kjem opp på flata.
Her skal karane, etter å ha sendt kjerringane på messe i Lesjaskogskyrkja eller på basar på Kyrkjestugu, ha samla seg til eit slag kort på kaffe.
Kortbordet inngår i Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja.
Kjelde
- Bjølverud, Bjarne 1984: «Lesjaskog gamle og nye kyrkjestugu», i Gåmålt frå Lesja og Lesjaskog side 23.