Aksdal
Aksdal er ein tettstad og administrasjonssenter i Tysvær kommune i Rogaland. I 2021 var det 701 innbyggjarar der. Namnet er ein samansetning av treslaget ask og dal.
Staden ligg nær krysset mellom E39 og E134, kring 13 km aust for Haugesund. I sentrum finn ein mellom anna Tysvær rådhus, Tysværtunet kulturhus, kjøpesenteret Aksdal Senter og Aksdal kyrkje.
På festplassen i Aksdal står ein statue av målaren Lars Hertervig, laga av Svein Magnus Håvarstein i 1980.
Litteratur og kjelder
- Aksdal i Store norske leksikon.
- Aksdal på Wikipedia på bokmål og riksmål.