Anja Ninasdotter Abusland
Anja Ninasdotter Abusland (fødd 25. november 1995) er SP-politikar og sjukepleiar.
Ho var i perioden 2015–2019 representant i kommunestyret i Songdalen kommune. Denne kommunen vart slått saman med Kristiansand kommune ved kommunereformen, og i 2019 vart ho vald inn i bystyret i den nye storkommunen. Ho vart då leiar for helseutvalet.
Ved stortingsvalet 2021 vart ho vald inn på Stortinget som representant for Vest-Agder. Ho var då den første frå Finsland i Songdalen som kom inn på tinget på meir enn 100 år. Ho sit i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, men har i starten av perioden permisjon. Så lenge det varer møter Eivind Drivenes for ho.
Litteratur og kjelder
- Anja Ninasdotter Abusland på Wikipedia på bokmål og riksmål.
- Anja Ninasdotter Abusland, Stortingets representantinfirmasjon.