Arabygdi
Arabygdi er eit bygdelag i Rauland i Vinje kommune, ved nordvestenda av innsjøen Totak. Fylkesveg 362 går gjennom bygda.
Steinura Urdbøuri, som det er knytt mange segn til, ligg i Arabygdi. Her finn man også Myllarheimen, som var den siste kjende boplassen til Torgeir Augundson, også kjent som Myllarguten. I heimen hans er det museum om sommaren.
Fyrste ledd i stadnamnet kjem anten frå norrønt ari, «ørn», eller frå mannsnamnet Are.
Kjelder
- Arabygdi i Store norske leksikon