Aure misjonshus
Aure misjonshus er eit kristeleg forsamlingshus i Aure kommune. Huset vart bygd i 1957, og er lokalisert i kommunesenteret. Eigar er Aure misjonshuslag. Bygget vert bruka til kristelege møte i regi av div. misjonsorganisasjonar, søndagsskule, barnelag, skulelag og eldres hyggestund. Ein kan også leiga huset til private arrangement.
Kjelder og linkar
- Kenneth Kiplesund: Kult.minneatlas: Aure misjonshus
- Per E. Orten: Flott julemesse på Aure misjonshus
- Aure kommune: Bu heime-leir