Avaldsnes kommune

Avaldsnes kommune er ein tidlegare kommune i Rogaland. Kommunen vart oppretta som følgje av formannskapslovene av 1837, og omfatta til å byrja med store delar av Karmøy, samt ein del av fastlandet austantil sør for Haugesund. I 1866 vart Kopervik skild ut som ladestad frå Avaldsnes kommune, og i 1909 vart Stangaland kommune skild ut. Han vart delt i 1965, da fastlandet aust for Førdesfjorden vart lagt til Tysvær kommune, medan resten vart del av nye Karmøy kommune, saman med blant anna Kopervik og Stangaland kommunar.

Avaldsnes kommune
Basisdata
Kommunenummer 1147
Fylke Rogaland
Kommunesenter Avaldsnes
Grunnlagt 1838
Opphørte 1965
Delt i 1866: Kopervik frådelt.
1919: Stangaland frådelt.
Slått saman med 1965: Delt mellom Tysvær og Karmøy.
No del av Tysvær og Karmøy
Olavskyrkja på Avaldsnes i tidlegare Avaldsnes kommune, no Karmøy kommune.
Foto: Christian Bickel (2006).

Kommunen deler namn med tettstaden og området Avaldsnes. Namnet kjem frå norrønt Ǫgvaldsnes, av mannsnamnet Ǫgvald (Augvald).

Ordførarar

Kilder