Bø skilag (Lesja)
Bø skilag vart stifta i 1936 av lærar Ola Skotte. Laget rekrutterte først og fremst frå Bøgrende i Lesja kommune. Skilaget rydda seg ein hoppbakke, Vidflottbakken. Den hadde kritisk punkt på 37 meter og bakkerekorden var i 1955 42 meter.
I åra rett etter krigen var aktiviteten liten, men laget hadde fyrst i 1950-åra planar om å bygge ein hoppbakke for gutar.
Formenn fram til 1955:
1936: Ola Skotte
1938: Josef Einbu
1939: Anders Ølstad
1940: Erling Selsjord
1946: Johan Bjøkne
1947: Thor T. Selsjord
1951: Kristian Ulateig
Kjelde
- Ranheim, Erling (red.) 1955: Norske skiløpere. Skihistorisk oppslagsverk. Bind 1 Østlandet Nord. Skiforlaget, Oslo s. 226.