Bø trevarefabrikk og møbelforretning
Bø trevarefabrikk og møbelforretning blei starta av Olav O. Tveitan i 1934. Bedrifta låg i Bø i Telemark.
Trevarefabrikken produserte spisestover, soveværelsemøblar, anleggsskaft og leiketøy. Lokalet var 130 kvadratmeter stort. Varene blei selde til både grossistar og privatkundar. Ved sida av å drive trevarefabrikken og møbelforretninga, var Tveitan lærar ved Bø Kommunale Snekkerskole frå 1929.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.