Bjelland prestegjeld
Bjelland prestegjeld gjekk truleg attende til mellomalderen, og vart nedlagd i 1969. Det hadde lenge fire sokn: Hovedsoknet Bjelland og annekssokna Grindheim, Finsland og Åseral.
I 18569 vart Åseral skild ut som Åseral prestegjeld, svarande til Åseral kommune.
I 1969 vart prestegjeldet splitta opp. Bjelland vart ein del av Holum prestegjeld, som så allereie året etter skifta namn til Marnardal prestegjeld, svarande til Marnardal kommune. Grindheim vart lagt til Nord-Audnedal prestegjeld, medan Finsland gjekk til Søgne prestegjeld.