Breili (Fresvik)

Breili fungerte ei periode som tilhaldsstad for skulen i Fresvikdalen skulekrins i Vik. Allereie i 1866 er garden nemnd som ein del av omgangsskulen i grenda, der Hatleli er oppførd som skulekrins det året. Andre halvdel av 1870-talet fungerte Breili som skule for elevane i Fresvikdalen.

Skulestova blei flytta til garden Hatleli og står der framleis.
Foto: Pauline Eckerlein/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Skulehuset

Skulehuset som stod på Nedre Breili vart nytta som både bustadhus og til undervisning. Huset blei flytta til Hatlelid der det framleis står i dag. Kor tid skulen blei tatt i bruk av elevane i Fresvikdalen veit man ikkje, men den vart truleg nytta i 1860 og 1870-åra. Skulen blei nytta i 1873 veit man, og det var ein gong etter det at huset blei solgt til Johannes Thomasson Tretteteig (1821-1918) på nedre Hatlelid. Det var slik det gamle skulehuset havna på Hatlelid.

Anna bruksområde

I dag er skulestova i privat eige på Hatlelid.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.05464° N 6.91892° Ø