Briksdal i Oldedalen

Briksdal i Oldedalen ligger i Stryn kommune.

Et gammel stereofoto fra Briksdal.
Foto: fotograf/kilde

Om garden

Matrikkelinformasjon:

  • Garden har gardsnummer 20, bruksnummer 1.
  • Tidlegare matrikkelnummer 18 og løpenummer 65.

Bruk og brukere

Jetmund "Byrisdall"

Jetmund var, i fylgje Jacob Aaland, brukar i 1602

Oluf "Byrigdall"

Oluf var, i fylgje Jacob Aaland, brukar 1638-1640.

Anders Jetmundson og Maritte

Anders var brukar i Briksdal 1636.

Jetmund Andersson

Jetmund var brukar 1655. Han var gift to gonger.

Born:

  • Anders Jetmundson. Døydde ugift i 1728 på Røros. Han var då 73 år og må vere fødd ikring 1655.

Mattis Ivarson Myklebust

Mattis vart fødd ikring 1642. Han vart gift med enkja etter forrige brukar. Mattis var brukar ikring 1663.

Mattis og nn fekk:

  • Brite, sjå nedanfor.
  • Anne
  • Kari
  • Kirsten. Ho døydde i Bergen i 1738.

Brite Mattisdotter og Anders Ellingsson Nesdal

Anders var fødd ikring 1668 og døydde 72 år gamal i 1740. Han var gift med Brite Mattisdotter Briksdal. Anders er nemnd som brukar i Briksdal 1708. Han bruka då 9 mark i Briksdal og 13 1/2 mark i Myklebust. Han fekk skøyte på 4 1/2 mark i Briksdal i 1711 frå madam Anne Schreuder og 18 mark frå Jak A. Bø.

Brite døydde før 1750.

Arvinger etter Anders var borna til broren Jakob Oppheim.

Elling Eirikson Loen/Brigsdal og Kristi Larsdotter

Elling Eirikson er systerson til forrige brukar. Han brukar 18 mark prestebolsgods i Briksdal i 1738. I 1754 får han skøyte på 20 mark i Myklebust som Anders åtte, men som prestebolet hadde bygselsrett til. Elling er gift med Kristi Larsdotter. Ho døydde før 1750.

Elling Brigsdal er fadder for Knud Thoreson Åbrekk i 1752.

Anders Ellingson og Randi Lasseson

Anders Ellingson Briksdal, g1m Randi Lasseson Oppheim. Anders g2m Dorte Annbjørnsdotter Mykløy. Randi døydde 48 år gmal i 1780. Dorte døydde 71 år gamal i 1804.

Anders var fødd ikring 1735 og døydde 46 år gamal i 1781. I 1769 fekk han skøyte på 18 mark i Myklebust.

Dorte ble g2m Ola Olson Lauki, 61 år i 1801. Han døydde 64 år gmal i 1804.

Ola er nemnd som brukar i Briksdal i 1783.

I 1757 får Anders Ellingson Brixdal og Christi Johannisdotter Åbrekk ein son som heiter Erich.

Anders og Randi har:

  • Berthe fødd 1763
  • Christi fødd 1764
  • Elling fødd 1766

Elling Anderson og Barbrå Olsdotter

Elling Andersson Briksdal (1765-1836) g1m Barbrå Olsdotter Loen. Elling g2m Marte Olsdotter. Elling g3m Malene Simonsdotter Eide.

Barbrå døydde 42 år gamal i 1804. Marte døydde 56 år gamal i 1816. Malene døydde i 1830.

Elling bruka 9 mark i Briksdal og 14 1/3 mark i Myklebust i 1802.

Jacob Aaland fortel at Elling vart frådømd bruket i 1818 for vannheldne hus.

Elling og Barbrå fekk:

  • Anders fødd 1796
  • Anders Ellingson Briksdal f 1798. Se nedenfor.
  • Mari fødd 1800
  • Ole fødd 1803

Anders Ellingson og Ragnhild Ivarsdotter

Anders Ellingson Briksdal (1798-1852) gm Ragnhild Ivarsdotter Gytri (1795-1867).

Ragnhild ble g2m Ingebrigt S. Yri.

  • Elling Anderson Briksdal f 1839. Se nedenfor.

Anders bygsla Briksdal i 1835. Han fekk skøyte på parten i Myklebust i 1830.

Ragnhild løyste brukeyi 1853 for 70 spd.

 
Elling Briksdal og kona Andrine frå Åberg. Erling Briksdal fortel: "Dette er frå Briksdalen. Dette huset er innebydt i det huset som står der no. Gulehuset som vi kaller det, er grått no. Det er mine tipp-oldeforeldre som er framfor huset. Andrine frå Åberg og Elling. Det var son deira Anders som starta med kafe og overnatting i 1892. Anders er min oldefar."
Foto: Postkort fra Carl Müller. Fra samling Jarl V. Erichsen

Elling Anderson og Andrine Rasmusdotter

Elling Anderson Briksdal f 1839 gm Andrine Rasmusdotter Åberg f 1837. Elling døyr 88 år gamal i 1927.

Elling fekk skøyte på bruket i 1854. Elling omtales som selveiende gårdbruker i Briksdal i 1875. I 1910 er Elling og Andrine føderådsfolk på Briksdal.

  • Anne Ellingsdotter f 1859
  • Anders E. Briksdal f 1861. Sjå nedanfor.
  • Eli Ellingsdatter f 1863
  • Rasmus Ellingson f 1865
  • Peder Ellingson f 1868
  • Racel Ellingsdotter f 1871
  • Elling Ellingsen f 1873
  • Oline Marie Brigsdal. Vart gift med Helge Hammer, fødd 1869. Han var lærar i Innvik.

Anders Ellingson og Janike Rasmusdotter

Anders E. Briksdal (1861-) gm Janike Rasmusdotter Aabrekke (1863).

Anders fekk skøyte på bruket i 1889. Anders er selveiende gårdbruker og hotelleier i 1910. I 1900 er han også oppført som snekker.

  • Rakel A. Briksdal f 1892
  • Elen A. Briksdal f 1894
  • Elling A. Briksdal f 1897. Sjå nedanfor.
  • Rasmus A. Briksdal f 1901
  • Olof A. Briksdal f 1908

I 1907 har Anders Ellingsen hjemmelen til gnr/bnr 20:1, skyldsatt til 77 øre.[1].

Elling og Pernille Rasmusdotter Bogstad

Elling Anderson Briksdal og kona, Pernille Rasmusdotter Bogstad fekk skøyte 3/9/1923. Garden var då skyldsatt til 0.77.[2]

Jorun Briksdal

Jorun Alette Ellingsdotter Briksdal, fødd 1928, fekk skøyte på bruket i 1954.[3]

Per B. Briksdal

Per Bodvar Briksdal, fødd 1958, fekk skøyte på bruket i 1978.[4]

Se Briksdalsbreen og Briksdal fjellstove.

Andre frå Briksdal

I 1869 finn vi Skomaker L. Brigsdal i Bergen.[5]



Referanser

  1. Norges matrikkel utg 1907
  2. Grunnboksblad Briksdal 100:1
  3. Grunnboksblad Briksdal 100:1
  4. Grunnboksblad Briksdal 100:1
  5. Bergens Adressecontoirs Efterretninger, fredag 2. april 1869

<References>