Britiske krigsgraver på Lesjaverk
Det er tre britiske krigsgraver på Lesjaverk, som alle tre er knytt til ei togulykke der den 1. mai 1940. To av dei døde har namn på grava, medan den tredje er ukjend.
Togulykka ved Knipstugu kravde elleve liv, fire norske og sju britiske. Dei andre britiske ofra vart gravlagde andre stader.
Dei to som er namngjevne på gravane er Cyril William Jennings, sapper (ingenørsoldat) i Royal Engineers og John Stark Rankin, 33 år gamal, sapper i same regiment. På den tredje steinen står det «A soldier of the Second World War» og dødsdatoen.
Gravane vert tekna vare på av Commonwealth War Graves Commission.
Litteratur og kjelder
- Gravminna, sjå bilete.
- Lesjaverk churchyard, Commonwealth War Graves Commission.