Bryggja skule
Bryggja skule er ein barneskule i Maurstad krins i Vågsøy kommune. I 2016 vedtok Vågsøy kommune at skulen skulle leggjast ned, men hausten 2018 opna den att som ein kristen privatskule. Den skal drivast etter læreplanane til den private skulen Danielsen.
Skulehuset
Bygget er frå 1953. Marit Nore Sørhaug fortel frå då skulen skulle flytte frå gamleskulen til nyeskulen hausten 1953: "Det var i hovudsak dei eldste elevane som stod for flyttinga saman med læraren. Dei kjørte pultane i ei gammal handvogn. Elevane bar bøker i kasser, dei bar plansjar og kart og anna undervisningsmatriell. Til slutt vart vedaladet henta og det var mykje moro med. Då elevane kom inn i det nye klasserommet var det nesten som å komme inn i eit slott."
Anna bruksområde
Foto
Kjelder og litteratur
- NRK Sogn og Fjordane: «Klare for første skuledag på privatdriven skule» (publisert 20. august 2018).
- Opplysningar frå Marit Nore Sørhaug
- P. P. Midthjell. "Oversyn over skuletilhøva i Maurstad fram til kommunereguleringa nyår 1964" i Skulen i Vågsøy i 100 år. Vågsøy Lærarlag: 1966.