Credo Frikyrkje

Credo Frikyrkje er ei forsamling innan Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja, som driv verksemda si ut frå dei gamle lokala til Norsk Luthersk Misjonssamband (Misjonssalen) på Heimdal i Trondheim. Til å byrja med hadde forsamlinga husmøte i private heimar, den offisielle stiftinga var 4. desember 2016. Pastor sidan starten har vore Bjørn Jellestad.

Verksemd

Credo Frikyrkje samlast til gudsteneste kvar sundag. Dei arrangerer regelmessige Alphakurs, og har også starta opp med babysong. Menigheta har som mål å utvikla seg som ei fleirgenerasjonsforsamling i løpet av dei nærmaste åra. Det er over femten ulike tenestegrupper i forsamlinga.

Kjelder