Erfjord kommune
Erfjord kommune i Rogaland vart oppretta i 1914, då den vart utskild frå Jelsa. Kommunen omfatta området rundt Erfjorden i Ryfylke. Erfjord gjekk i 1965 inn i den nye storkommunen Suldal saman med Sand, gamle Suldal kommune og delar av Imsland og Jelsa. Då kommunen gjekk inn i Suldal, hadde den 610 innbyggjarar fordelte på 132 kvadratkilometer.