Erik Solheim (lektor)
Erik Solheim (født 12. september 1947) er lektor, forfattar og tidlegare leiar i Norges Naturvernforbund. Han er frå Førde.
Solheim var leiar av Norges Naturvernforbunds avdeling Sogn og Fjordane i periodane 1980–1987 og 1993–1997. Han var leiar i Norges Naturvernforbund i periodane 1987–1989 og 1998–2005. Solheim vart æresmedlem av Norges Naturvernforbund i 2007.
Solheim har restaurert det gamle tunet på slektsgården i Flugedalen, som er en del av Angedalen. Han er far til journalisten Ingunn Solheim.
Bibliografi
Bøker
- Breheimen til framtida (redaktør) (1986) ISBN 82-991440-0-0
- Jostedalsbreen : nasjonalpark for framtida? (1987?)
- Miljøårboka 1991 (redaktør), Samlaget (1991) ISBN 9788252137262
- Miljøårboka 1992 (redaktør), Samlaget (1992) ISBN 9788252139198
- Miljøårboka 1993 (redaktør), Samlaget (1993) ISBN 9788252141146
- Miljøårboka 1994 (redaktør), Samlaget (1994) ISBN 9788252142440
- Jostedalsbreen – vandring i nasjonalparken, Nord 4 bokverksted (1999) ISBN 82-7326-036-4
- Økonomi for økologisk landbruk I, Fagbokforlaget (1999) ISBN 9788276743982
- Jostedalsbreen, Selja forlag (2007) ISBN 978-82-91722-79-5