Færøybåt

Færøybåten (fær. føroyskur bátur) er den tradisjonelle båten på Færøyane. Han er ein spissgatta, open båt. I utgangspunktet blir færøybåten rodd, men han er oftast utstyrt med master og segl òg. Færøybåten har sine røter i norske båtar, men har utvikla seg til ein særeigen båttype i løpet av åra. Som det er vanleg med norske båttypar, så finst færøybåten i ulike størrelsar — frå tríbekkur med to par årar og opp til den 28–30 fot lange seksæringur med seks par årar. Det har òg funnest ein kring 40 fots teinæringur som vart rodd av 18 mann og bruka til lengre reiser.

Færøybåt under kapproing.
Foto: Olve Utne (2015).

Størrelsar

Lengd (fot) Årepar Årar Rorsfolk Namn Bruksområde Bilde
tríbekkur
18 3 tristur
20 4 fýramannafar
21 5 fimmannafar
22 6 seksmannafar
24–24,5 4 8 8 áttamannafar, grindabátur grindkvalfangst
26–27 5 10 10 tiggjumannafar, grindabátur grindkvalfangst
28–30 6 12 12 seksæringur, tólvmannafar
40 18 teinæringur langfart

Bildegalleri

Kjelder