Fiskeri- og sjøfartshistorisk samling (Austevoll)

Fiskeri- og sjøfartshistorisk samling vart oppretta ved Austevoll bibliotek i 2005. Initiativet kom frå dåverande pensjonerte fiskar, notbas og fiskeskipper Øystein Rabben som var leiar i Selbjørn fiskerisogelag. Selbjørn Fiskerisogelag har endra namn til Austevoll Fiskerisogelag. Navneendringa vart vedtatt på årsmøtet i januar 2023. Samlinga er fordelt mellom Tuftelandrommet og magasinet ved biblioteket. Her finn ein ca. 400 bøker, tidsskrift, ulikt kjeldemateriale, f.eks. loggbøker og dvd’ar og videoar med filmar frå sjøfart og fiske. I 2011 vart samlinga presentert på Verdens bokdag.

Føremålet med tiltaket den gongen var å ta vare på Austevoll kommune si fiskerihistorie, men det vart etter kort tid utvida til å gjelda historie om utanriksfart, kystfart og annan maritim historie som har tilknytning til kommunen. Litteratur frå nokre andre kystkommunar og landsdekkande større maritime historieverk har også fått sin rettmessige plass i samlinga.

Bøker og film

Sidan ein stor del av litteraturen i samlinga var utseld frå forlaga, leita Øystein Rabben fram bøker og hefte i fleire antikvariat, i bokbyane i Fjærland og Tvedestrand, på loppemarknader og fleire andre stader. Dessutan saumfôr han antikvariata sine boklister. I tillegg har det tilflytt bokgåver til samlinga.

Øystein Rabben registrerte litteraturen og alt anna materiale, og biblioteket har lagt det inn i den søkbare databasen til biblioteket Austevoll folkebibliotek. I bokgåvene skreiv han namnet til gjevaren og gjerne andre nødvendige opplysningar. Biblioteksjef Laila Ester Reidunsdatter Aarland seier at biblioteket ikkje ville hatt høve til å oppretta ei slik unik samling. Biblioteksjefen understrekar dessutan fordelane biblioteket har ved å disponera og låna ut frå den maritime samlinga.

Lenker

  • Den søkbare databasen til Austevoll folkebibliotek. Den finn du her: Treffliste

Kjelder og litteratur

Munnlege kjelder:

  • Øystein Rabben (1942-2019)
  • Laila Ester Reidunsdatter Årland

Skriftlege kjelder: