Flåm er ei bygd inst i Aurlandsfjorden i Aurland kommune. Det er kring 400 innbyggjarar i bygda, og bustadene er såpass spreidd at Flåm ikkje har status som tettstad.

Motiv frå Flåm.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket

Flåm er særlig kjend for endestasjonenFlåmsbana, som knyttast til BergensbanenMyrdal stasjon, og for ein av dei største cruisehamnene i Noreg. I 2016 var det 240 000 cruisepassasjerar på dagsbesøk i bygda – altså kring 600 gonger folketalet. I 2017 skal det ha vore enda 10 000 fleire, og totalt rekner ein med at kring 1,4 millionar menneske var innom Flåm i løpet av året.

Forfattaren Per Sivle vart fødd i Flåm, og det står eit minnesmerke over han ved Flåm kyrkje.

Galleri

Litteratur og kjelder

Koordinater: 60.8370611° N 7.1219361° Ø