Frølandvegen
Frølandvegen i Sauland i Hjartdal kommune går i ei boge vestover frå Saulandsvegen (E134) ved brua over Hjartdøla og ut att i same veg ved Sauland kyrkje. Han er 3,4 kilometer lang, går gjennom Frølandgrenda og passerer fleire Frøland-gardar.
Vegen har namn etter Frølandgrenda og blei namnsett i 2011.
Kilder
- Kartverket: Norgeskart
- Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf
- Statens vegvesen: vegkart.