Friskulen i Fåberg
Friskulen i Fåberg var ein privatskule for born under konfirmasjonsalderen, med eit alternativt pedagogisk tilbod i høve til den ordinære allmugeskulen. Friskulen var grunnlagt og driven av Stefan Frich, og var i verksemd frå 1874-1903. Skulen heldt til ulike stader i Fåberg (nå Lillehammer kommune).
Skulen vart starta på garden Mælum i Jørstadgrenda i Fåberg den 20. september 1874. Sidan vart han flytta til Nørdre Jørstad, Oppjordet, Gjeistad, og til sist til huset Frich sjølv fekk bygt til heim og skule på Vangen ved Smestadmoen.
Elevtalet i skulen byrja med om lag 20, og kom opp i 50-60 elevar om gongen.
Etter nokre år aleine i skulearbeidet fekk Frich systera Mina til å ta småklassene, medan han sjølv hadde storskulen. Seinare avløyste Dorte Smerud henne.
Kjelder og litteratur
- Gaukstad, Øystein: «Ein vegbrøytar for norskdomen i Fåberg. Stefan Frich 17/12 1844-14/3 1927», i Årbok for Gudbrandsdalen 1947.