Fron prestegjeld
Fron prestegjeld vart oppretta i mellomalderen, og dekka dagens Nord-Fron og Sør-Fron kommunar.
I 1737 vart det gjort nokre grenseendringar, slik at gardsnummer 177–189 i Nord-Fron kommune vart overførde frå Vågå prestegjeld til Fron. I 1850 vart prestegjeldet delt i Nord-Fron prestegjeld og Sør-Fron prestegjeld, med verknad frå 10. august 1850 etter kongeleg resolusjon av same dagen. To år seinare vart også Fron kommune delt med same grensar som prestegjelda.
Store delar av arkivet frå Fron gjekk tapt då prestegarden brann ned i 1806.