Fruktlageret i Leikanger

Fruktlageret i Leikanger ligg ved Hamre, like ved Leikanger kai. Leikanger er ei tradisjonsrik fruktbygd, og fruktlageret har sidan det vart bygd i 1960, vore ein viktig institusjon.

I samarbeid med Gartnerhallen, ein organisasjon skipa av norske bønder i 1930, bygde lokale fruktbønder i Leikanger fruktlager med kjølerom. Bygningen kom opp i 1960, og frå 1961 vart Gartnerhallen sin transport av frukt frå Sogn til Austlandet organisert gjennom Sogn Transportsentral. Leikanger Fruktlager har i seinare tid endra namn til Sognefrukt A/S.

Meir om Leikanger Fruktlager


  Hele eller deler av Fruktlageret i Leikanger er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.