Fyring

Ein fyring (med kort y), òg kalla firing, er ein båt med fire par årar. Namnet blir særlig bruka om geitbåtar og åfjordsbåtar. I samband med årfjordsbåter blir namnet (stor)fyreng òg bruka om båter med fem par årar i nyare tid. Fyringen var den minste havbåten og i likheit med femringen vart han tradisjonelt gjerne bruka som linebåt. Han kunne òg fungere som føringsbåt ved behov. Innover på 1900-talet vart åfjordsfyringane ofte bruka til fiskeoppkjøp og salting på Hitra og Frøya.

Gressetgeita er ein fyring av aurgjeldstypen.
Foto: Olve Utne

Åfjordsfyringar kunne òg ha løfting, eller avtakbar «hytte». Dei mindre fyringane hadde løftingen midtskips, og så var det rom til sjøbørnar frammi og atti. Storfyringane hadde gjerne løftingen atti.

Ordet fyring ('båt med fire par årar') blir helst uttala med kort ynordmøring og fosenmål, i motsetning til ordet fýring ('opptenning'), som har lang y.

Denne artikkelen trenger kjelder.