Gamle Karstad skule
Gamle Karstad skule i Karstad krins ligg i Solheimsdalen i Sunnfjord. Fram til kommuneforma på 1960-talet låg skulen i Naustdal kommune og vart etter det flytt til Førde kommune.
Skulehuset
Karstad fekk skulehus på midten av 1920-talet. Før det var skulen i stova til Johanna Karstad. Leiv Solheim (født 1925) meiner at Karstad fekk skulehus i 1925. Far hans, Peder Solheim, hadde ei rolle i dette, fyrst at han- som skulestyremedlem i Naustdal - under planlegginga var redd at huset vart for dyrt om det skulle stå på tett kjellarmur, seinare ved at han utførte byggearbeidet.
Den gamle skulen på Karstad var i bruk til nytt skulebygg vart bygd og klar til bruk i 1973.
Anna bruksområde
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Nilssen, Erik Torp "Skule -frå sør i Naustdal til vest i Førde", 2016, Førde historieskrift 2016, Førde historielag