Gimle skule
Gimle skule i Fyresdal vart bygd 1947 som fyrste del av eit større kompleks. Huset var i to høgder og hadde fire klasserom, og skulekjøkken og sløydsal i kjellaren. I 1955 vart gymnastikksalen ferdig. Denne haddde badstove i kjellaretasjen. Uversskur mellom bygningane kom eit par år seinare. I 1955 vart det bygd nytt uthus, dette blei rive då det blei slutt på utedo og vedfyring.
Seinare har skulen hatt fleire byggjesteg og i 2011 er det ei større ombygging og utbygging.
Bruken av namnet på skulen har vore ustø. Krinsen er Kyrkjebygda, og skulen er bygd på Meinstad. 8. juli har skulestyret uttalt seg slik: Gimle Skule i Kyrkjebygda krins i Moland sokn.
Les meir
Kjelde
- Skulen i Fyresdal i 250 år 1739 – 1989. Fyresdal skulestyre 1989.