Hånådalsvatnet

Hånådalsvatnet eller Ulvådalsvatnet er eit ca. 2 km2 stort vatn 858 m.o.h. i Hånådalen eller Ulvådalen i Tafjordfjella.

Utsyn mot austenden av Hånådalsvatnet. Ein kan skimte fara etter rasa i 1960 i enden av vatnet.

I 1960 gjekk det ein serie jordskred frå fjellet på nordsida av vatnet. Nokre av skreda gjekk over dalbotnen ved austenden av vatnet og demte det opp slik at vassflata vart heva med 2-3 meter.

Om lag midt på vatnet på nordsida ligg turisthytta Vakkerstølen.

Litteratur

  • Fylling, John H. 1999: Tafjordfjella. Fra fjord til verdens tak. Vista forlag, Larsnes.
  • Rauma/Ulvåa på vektskåla. Kraftutbygging eller vern. Utgitt av Møre og Romsdal Nturvern og Fellesutvalget for bevaring av Rauma/Ulvåa 1980.