Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda vart etablert 1. august 1994 ved samanslåing av dei eldre institusjonane Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Volda lærarhøgskule. Høgskulen fekk ved etableringa fire avdelingar:
- Avdeling for mediefag (medieutdanningane frå DH-skulen)
- Avdeling for humanistiske fag (historie, norsk og tysk frå DH-skulen, norsk og engelsk frå lærarhøgskulen)
- Avdeling for samfunnsfag (sosialfag, planlegging og administrasjon og kyrkjefag frå DH, religion frå lærarhøgskulen)
- Avdeling for lærarutdanning (resten av lærarutdanningsfaga frå lærarhøgskulen)
Denne organiseringa stod ved lag til 1.8.2007. I 2010 er det desse avdelingane ved høgskulen:
- Avdeling for mediefag (som før)
- Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (realfag, pedagogikk, religion, livssyn og kyrkjefag og språk og litteratur)
- Avdeling for samfunnsfag og historie (sosialfag, planlegging og administrasjon, skuleretta samfunnsfag og historie)
- Avdeling for kulturfag (drama og teater, idrett og friluftsliv, kunst og handverk, medie- og kommunikasjonsteknologi og musikk)
Bilde
Kjelder
- HVO i ti år. Tilbakeblikk og utfordringar. Volda 2005.
- Heimesida til HVO