Hallvard Hande
Hallvard Hande (fødd 1846 i Vestre Slidre, død 1887 i USA) var forfattar, folkeminnesamlar, prest og bladmann. Han reiste til USA ca. 1873.
Han gav ut samlinga Segner fraa bygdom i 1871 og spelstykket Ei hugvending (under pseudonymet Steinvard) i 1873.
I 1872 vart han cand.theol. og vart prest i Decorah, USA. Han var den fyrste redaktøren i bladet Norden i Chicago.
Hallvard Hande var gift tre gonger og har stor etterslekt i USA.
Kjelder og litteratur
- Hermundstad, Knut: artikkel i Norsk allkunnebok band V. Oslo 1954.
|