Hardangerfjorden

Hardangerfjorden er den lengste fjorden i Hordaland. Starten på fjorden reknast gjerne innafor øyane Seløy og Ånuglo, aust for Stord og nord for Husnes. Totalt er fjorden 120 km lang, eller 180 om man reknar med Husnesfjorden/Bømlafjorden utafor Seløy. Hovudfjorden er to til ti km brei, medan armane som strekke seg inn i landet er noko smalare. Største djup er 830 meter i Ytre Samlafjorden.

Den enkelte delane av fjorden har også andre namn: Onarheimsfjorden, Kvinnheradsfjorden, Sildefjorden, Maruangerfjorden, Hissfjorden, Samlafjorden (ytre og indre), Granvinfjorden, Utnefjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Osafjorden. Husnesfjorden/Bømlafjorden kan som nemnt også reknast som del av Hardangerfjorden.

Kjelder

(Kvinnherad)
(Tysnes)

Koordinater: 59.80941° N 5.60147° Ø