Heddal

Heddal er eit bygdelag i Notodden kommune i Telemark. Staden er kjend for Heddal stavkyrkje, som var hovudkyrkje for Heddal prestegjeld. Det eldste bygdenamnet er Heitradal eller Hitterdal, som vart forvanska til Heddal.

Heddal kommune vart oppretta i 1838, og famna då også Notodden som var skilt ut som bykommune i 1913. Kommunen vart innlemma i nye Notodden kommune i 1964 saman med det meste av Gransherad kommune og Rudsgrend i Hovin kommune - Notodden kommune er altså ein del større enn det Heddal kommune var.

Litteratur